Friluftsliv

Friluftsliv

 

I dette utvalet prøver me å vie all vår tid til friluftslivet. Vårt mål er å vise alle lærarstudentar som ynskjer det all friluftslivet Trondheim og omegn har å by på. For å gjere dette arrangerar me ein tur i veka med variert innhald frå gong til gong. Klatring, fjellturar, skiturar, barkebåtrace, grilling og badstova i fjæra er alle døme på aktivitetar me gjennomfører i løpet av eit år. Fokuset er på å ha det kjekt i naturen og utnytte dei mogelegheitane me har. Me arrangerar og fleire helgeturar der me har det kjekt saman utanfor Trondheim. Surfetur til Hoddevika, toppturhelg i Trollheimen, vandretur i fjellheimar og hytteturar er døme på faste innslag i vårt turreportoar.

 

For å verta med på det du ynskjer av desse aktivitetane er det berre til å verta ven med oss på Facebook. Ein er òg nøydd til å verta med i gruppa vår på Facebook for å få invitasjonar til arrangement. Søk opp SALT Friluftsliv så finn du begge deler.

 

Dersom du lurar på noko, har tips til turar me kan gjennomføre eller berre vil ta ein prat er det berre til å ta kontakt.